Bamble kikelige fellesråd

Kirkene

Mykland kyrkje.

takmaleri mykland.jpg


Fyrste kyrkje bygd på Mykland 1682, før den tid kyrkje saman med Vegusdal. Soknet hadde då namnet Vegusdal østen Sundet. Prest hadde soknet saman med Åmli. Allmugen kom saman i Oppistog, Mykland 1681 og sende søknad til kongen i København om å få lov til å bygge eiga kyrkje og for eiga rekning. Ny tømmerkyrkje reist 1682. Det kom gåver til inventar frå bygdefolk og også frå kjøpmenn i Kristiansand som bøndene handla tømmer med. Kyrkjeklokka frå 1683 er framleis i bruk ved gudstenestene

Etter Den store  Nordiske krig selde Frerik IV norske kyrkjer for å rette opp statsfinansane. Mykland kyrkje blei selt på auksjon i Arendal 1723, og var i privat eige til 1806, då allmugen kjøpte henne tilbake. Kyrkja forfall og blei for lita i 1820-åra. I 1828 vedtok allmugen å rive den gamle kyrkja og bygge ei ny (bygdekommuner var framleis ikkje organisert).

Det blei ikkje brukt arkitekt, bygdefolket ville ha ei åttekanta kyrkje som den i Hornnes og Årdal i Setesdal. Gunder Olsen frå Bygland, som hadde vore med og bygd kyrkjene i Hornnes og Årdal , var “tillige constructeur, tømmermand, entrepreneur”. Ingeniørløytnant Johnsen frå Kristiansand fann kyrkja velbygd med gode trematerialer og gode dimensjonar. Men for at tårnet ikkje skulle rase saman, måtte det settest opp fire kraftige berestolpar. Dette blei gjort, og dei står i kyrkja den dag i dag.

alter mykland.jpg

Kyrkja blei innvigd søndag 23.sept 1832 av prosten Jens Schanche med sju prestar til hjelp. Frå Kristiansand infanteribrigade blei det sendt opp ein underoffiser  med 16 soldater

for ved denne leilighed at overholde orden og stillhed i og udenfor kirken”.

orgel mykland.jpg

Til 50-års jubileet 1882 blei kyrkja panelt og måla innvendig. Kyrkja fekk nå også sin fyrste omn til oppvarming. Kyrkja fekk også  altertavle, måla av Christen Brun, Bergen, som gåve frå Notto Mykland. Ny stor kyrkjeklokke i tillegg til den fyrste frå 1683, fekk kyrkja i 1928 som gåve frå Anne og Paul Askeland. Til hundreårsjubileet 1932 blei kyrkja måla innvendig av Torkil Gil. Han dekorerte preikestolen og også taket i kyrkja, som er det same i dag som 1932.

Etter den andre verdenskrig har vedomnane blitt kasta ut, og det er montert inn elektrisk oppvarming i ryggen på kyrkjebenkane. Elektrisk lys har det også blitt i lysekrone og vegglampetter.

I 1990-åra blei det gjort eit større oppussingsarbeid. Kyrkja blei måla utvendig, og det blei sett opp uthus med vatnklosetter, og det kom vatn til sakristiet. Det største løftet var nytt orgel som har blitt til stor nytte og glede for musikklivet i kyrkja. Men denne gongen var det ikkje bygdefoket, men Froland kommune som tok utgiftene.

altertavle mykland.jpg